Historikk

For dei aller fleste er det sikkert ukjent at Brannmann-tippekonkurransane eigentleg ikkje er av nyare dato. Her kjem ein liten uformell gjennomgang av korleis denne konkurransen har utvikla seg frå oppstarten og fram til i dag.

Etter å ha tenkt opp og ned og i mente, så har me landa på at det heile starta 1984; - og då med ei vinterOL-tipping. Det var nok konkurranseinstinktet i Mongstad-familien som den gongen slo ut i full blomst... og for at Anders skulle sikra seg ein gevinst som monna, vart nokre svorne og kanskje ein smule avdanka Kvernbit-spelarar dratt med på køyret. Suksess vart det (det bør kanskje nemnast at Anders og Kjell pr. dags dato aldri har vunne ein einaste konkurranse).

Etter den første konkurransesuksessen, vart det raskt laga ein oppfølgar - fotball-VM-tipping i 1984!

Dernest kom konkurransane tett som hagl; - ski-VM, fotball-EM og jamvel sommar-OL vart omgjort til ein tippekupong...

Det var nok ikkje gevinstane som gjorde at desse konkurransane har halde fram heilt til no. Neida, det er moroa, den lette mobbinga vener og kjende imellom, at det er så uformelt og det faktum at konkurransen er fri for profitt - all innsats går jo attende til vinnarane... Alt dette gjer at desse konkurransane berre vert kos!

Og konseptet har vore det same heile tida; - men med ein smule variasjon då...

I oppstarten var innsatsen 3 flaxlodd, innkjøpt av deltakarane sjølv, innsendt til Anders og høgtideleg delt ut igjen av Anders. Kopi av alle tippeskjema vart nok for det meste gjort på Fjell folkeboksamling og dernest delt ut til alle deltakarane. Kjell ajourførte resultata på sine millimeterark med dødeleg presisjon. Og ektefellene fortvilte over all unødvendig tidsbruk!!!

Seinare vart det oppretta ein konto, innsatsen vart heva til 100,- , men gevinsten vert fortsatt utdelt i lodd etter fordelingsnøkkelen 60/30/10%...og for ikkje å gløyme jumboen då, som alltid for utdelt omlag 5 lodd.

Otto kom inn med excel-kompetanse rundt 1990. Kopiar opphøyrte og mail vart tatt i bruk Erlend utvikla denne datakompetansen vidare frå midten på 90-talet.og alle konkurransar vart meir og meir automatisert og digitalisert og heilt i det siste er dei altså vorten web-basert. Så verda har gått vidare - og dette er fortsatt like morro, synest no vi som ein gong starta opp det heile!

I starten var vi vel omlag 20 gamblarar....i byrjinga stort sett rundt Anders sin venekrets og familie, så har det auka jamnt og trutt på og etterkvart som Kjell flytta til Solund har venekretsen hans utvida seg. Og som de no kan lese av deltakarlista på Brannmann-tippinga, så er vi over 90 stk. med i 2008...

Utan å ha fått høve til å kvalitetsikra faktum tilstrekkeleg, så vil eg ramsa opp dei personane som eg meiner har delteke i samtlige konkurransar sidan starten:

  • Anders Mongstad - initiativtakar
  • Sigurd Morken
  • Steinar Erstad
  • Atle Karl Mongstad
  • Øyvind Langedal
  • Arve Aksnes
  • Kjell Mongstad

Kan dette stemme, folkens?

Kjell Mongstad