VM 1986 : Mexico

Eg veit vi hadde tippekonkurranse i 1986, fordi då vart finalen spelt midt under barnedåpen til ein av vinnarane frå Brann-tippinga i 2007, Torstein...

Innleveringa av tippeskjema skjedde i fleire bolkar til denne konkurransen, slik at ein skulle få høve til å tippe resultat gjennom heile turneringa. Dette laga sjølvsagt litt problem, når ein veit at data og mailsystem var eit framandord og at ferien jo skulle gjennomførast... utan at skilsmisse skulle verta eit tema.

Litt fakta frå dette VM:

Dette VM skulle eigentleg vore spelt i Colombia. Dei hadde ikkje råd og difor vart Mexico arrangør; - og dermed vart Mexico første land som har arrangert eit VM to gonger (også 1970).

24 lag deltok i sluttspelet. Innleiande runde vart gjennomført med 6 grupper. Dei 2 beste frå kvar gruppe gjekk vidare til mellomspelet + dei 4 beste 3-arane. Alle dei store fotballnasjonane var samla denne gongen, bortsett frå favorittlaget mitt - Nederland.

Dei som holdt ein knapp på Portugal, fekk seg ein nedtur.; - landslaget gjekk til treningsstreik og laget vart slått ut av Marokko (1-3) i siste kamp i dei innleiande rundane.

Likevel, det som vert hugsa frå dette VM, er dribleraidet til Maradona i kvartfinalen mot England, der han parkerte heile det engelske landslaget og satte inn seiersmålet 2-1. Mest av alt vert nok Maradona hugsa for sitt første mål, der "han" med god hjelp av Guds eiga hand, senka VM-gulldraumen til England med si historiske handballscoring. Denne hendinga satt nesten igang igjen den avslutta Falklandskrigen.

Alle dei 3 andre kvartfinalane vart avgjort etter straffesparkkonkurranse. Brasil vart slått ut av Frankrike, Mexico slått av Vest Tyskland og Spania av Belgia.

I semifinalen vann Vest Tyskland over Frankrike og Argentina vann over Belgia.

Argentina vann tilslutt finalen 3-2 og dermed tapte Vest Tyskland sin andre VM-finale på rad.

Sjølv om Maradona i dette VM scora 5 mål, så var det likevel Gary Lineker som vart toppscoraren i Mexico-VM, med sine 6 mål.

Den største dramatikken skjedde nok ikkje i sjølve finalekampen; - heller utafor bana; - nærare bestemt i eit rekkehus på Frekhaug. Der sat det nemleg mange svorne fotballidiotar og høfleg spiste kake og feira barnedåp på sjølvaste Gunn sin 23 årsdag...tilsynelatande som om Maradona og VM ikkje eksisterte i det heile tatt.

Er sikker på at den som vann denne tippekonkurransen hugsar dette, så gje eit pip så vi får oppdatert statistikken.

Plassering Navn Poeng