EM 1988 : Vest-Tyskland

Heller ikkje i denne konkurransen kan vi minnast kven som vann 1. premien. Det som er sikkert er at det var mange som deltok og det var mykje kopiering og administrering for Anders og Kjell. Også her trur vi det var 2 innleveringar, men innsatsen var nok no heva til 5 lodd. Anders hadde på dette tidspunktet alliert seg med gode naboar, noko som skulle visa seg å vera eit genitrekk med tanke på å få brukt data som framtidig administrativt hjelpemiddel

For å friske på minnet til den/dei som måtte ha vunne lodda i denne konkurransen, så følgjer her litt info om Euro 88:

Euro 88 vart gjennomført på same måte som 4 år tidlegare. Vinnarane av 7 kvalifiseringsgrupper + vertsnasjonen gjekk til sluttspelet. I sluttspelet var det gruppespel i 2 grupper som tidlegare , semifinaler og til slutt finale.

Regjerande meister Frankrike, klarte ikkje å kvalifisera seg tll dette EM. Sjølv om Norge vant over Frankrike på Ullevaal, endte vi sist i gruppa, mellom anna grunna to flatterande tap mot fotball-lilleputten Island. Nederland overbeviste i kvalifiseringa. Eit storlag var på gang, der spelarar som Marco van Basten, Ruud Gullit, Frank Rijkaard og Ronald Koeman herja. Irland kom seg også til sluttspelet og då på bekostning av Belgia.

I sluttspelet rauk både England og Danmark fort ut, med 3 strake tap i gruppespelet. I semifinalane slo Nederland vertsnasjonen Vest Tyskland og Sovjetunionen slo Italia.

I gruppespelet hadde Sovjet vunne 1-0 over Nederland, men med 2 scoringar i finalen av hhv. van Basten og Gullit var revansjen eit faktum og Nederland Europameister.

Marci van Basten vart toppscorar i turneringa med 5 mål. 3 av måla scora han mot England i gruppespelet.

Denne sommaren flytta Kjell til Solund og Sulingane sin inntogsmarsj i konkurransane starta etter dette.

Plassering Navn Poeng