VM 1990 : Italia

Heller ikkje her er vi sikre på kven som er vinnaren(ane) av vår konkurranse. Vi friskar difor litt på minnet frå dette fotball-VM også:

Konseptet for konkurransen var det same som ved Euro 88, men Anders hadde no definitivt fått datakyndig hjelp av sine gode naboar til å lage eit gryande digitalisert system. Anders, Otto, Arve og Erling må finne ut kor tid og kva omfang denne etter kvart heilt avgjerande "førstehjelpa" vart tatt i bruk.

Konseptet for sluttspelet var akkurat som 4 år tidlegare. 24 lag fordelt i 6 grupper. Som ved tidlegare turneringar, kom dei 4 beste 3.laga i gruppespelet også til 8-dels finalen.

Dei fleste vil nok hugsa Kamerun og Roger Milla (38 år) frå dette VM. Kamerun var det første afrikanse laget i kvartfinalen nokonsinne. I kvartfinalen leia dei 2-1 over England, men tapte likevel 2-3 etter men først etter ekstraomganger. Italia overbeviste med 3 strake sigrar i gruppespelet, medan Argentina holdt på å gå på ein smell etter 0-1 tapet mot Kamerun. Dei karra seg vidare som 1 av dei heldige 3. laga i gruppespelet.

Argentina kom sterkt tilbake og slo ut Brasil i 8-delsfinalen, Jugoslavia i kvartfinalen (etter straffesparkkonkuranse) og kom heilt til finalen etter å ha vunne ein ny straffesparkkonkurranse og då mot vertsnasjonen Italia i semifinalen.

Vest Tyskland kjempa seg til finalen ved å slå ut sterke Nederland i 8-delsfinalen, Tsjekkoslovakia i kvartfinalen og England i semifinalen og då etter ein nervepirrande straffesparkkonkurranse.

Vest Tyskland slo Argentina 1-0 i finalen og henta heim sin 3. VM-tittel. Eit statistisk poeng er det jo at Franz Beckenbauer vart verdensmeister for andre gong, men denne gongen som manager...som libro henta han heim trofeet i 1974.

Italia beholdt litt av æra som vertsnasjon i og med at Salvatore Schillaci vart toppscorar i turneringa med 6 mål. Overraskande var det, fordi "Toto" berre hadde spelt 1 kamp for Italia før VM.

Det bør nemnast at i denne konkurransen, så var deltakarkretsen utvida til også å femna mange gode Sulingar., sidan Kjell på den tida hadde flytta til Solund. Så kanskje gode Sulingar kan hjelpe til med å få historien på plass her?

Så kvem kan vi gratulere som vinnar av denne konkurransen mon tru?

Plassering Navn Poeng