EM 1992 : Sverige

Igjen manglar vi statistiske data på resultat frå vår uformelle tippekonkurranse. Konseptet var nøyaktig det same som for VM-90, men datautviklinga hadde nok aksellerert ytterlegare dei 2 siste åra...heldigvis. Mange deltakarar hadde dessutan byrja å ta i bruk Outlook Express....

Vi friskar opp minnet igjen, for å lokke fram reaksjonar frå vinnaren(ane) eller nokon som hugsar kven dette var:

Vest Tyskland var ein sagablott før kvalifiseringa til Euro 92 tok til. Eit gjenforent og sterkt fotball-Tyskland vant overbevisande si kvalifiseringsgruppe. Midt i kvalifiseringa forsvant også Sovjetunionen ut som nasjon. Men i sluttspelet fekk spelarane likevel lov å stille opp under kvasinasjonen SUS (Samveldet av Uavhengige Statar). Jugoslavia vart midt under kvalifiseringa opptatt med heilt andre kampar - det braut nemleg ut borgarkrig i landet . Nasjonen Jugoslavia vart utestengt frå sluttspelet og Danmark overtok plassen deira; - noko Danmark neppe har angra eit sekund på etter dette...

Norge med Egil "Drillo" Olsen i spissen, gjorde ein hederleg innsats under kvalifiseringa. Faktisk den beste i historia, men likevel ikkje godt nok til å kvalifisere seg. Norge slo Italia på Ullevaal og sytte for at Italia ikkje kom til sluttspelet. Norge vann 3 kampar og sette ein støkkar i både Ungarn og Sovjetunionen, sjølv om sistnemnde vann gruppa foran Italia og Norge. Som ein kuriositet kan nemnast at Færøyane var med for første gong i ei EM-kvalifisering og presterte å vinna ein sjokkerande siger; - og då over veletablerte Østerrike.

Sluttspelet var igrunnen eit langt gjesp, med få scoringar og mykje jamnt spel. Men der var likevel nokre hederlege unntak. Skottland var med i sitt første EM, gjorde ein flott innsats, men rauk likevel ut i gruppespelet.

Publikumsfavorittane England og Frankrike vart sendt rett heim etter gruppespelet. Men Nederland og Tyskland (3 av spelarane var frå tidl. DDR) innfridde og kom til sine respiktive semifinalar. Det gjorde også Danmark og vertsnasjonen Sverige.

I den eine semifinalen måtte Sverige gje tapt for Tyskland. I den andre semifinalen vann Danmark sensasjonelt over Nederland, men først etter ein straffesparkkonkurranse der EM-helten frå Euro 88, van Basten, brente sitt straffespark og vart den erklærte syndebukken i Euro 92.

Danmark, som altså aldri greidde å kvalifisere seg til dette EM, vann ein sensasjonell 2-0 siger over Tyskland i finalen. Respektable norske fotballfans stemte i saman med hordar av elleville danskar "Vi er røde, vi er hvide" . For det er jo langt "dejligere å være norsk i Danmark" enn i Sverige, vel.

Men toppscorarlista fortel nok litt om at dette EM var litt meir kjedleg, målfattig og jamnspelt enn vanleg. 4 spelarar scora 3 mål kvar:

  • Karl Heinz Riedle
  • Thomas Brolin
  • Henrik Larsen
  • Dennis Bergkamp.

 

Nokon som kan hugse om dei vann nokre velfortente lodd i denne konkurransen?

Førebels resultatliste:

  • 1. Lars Petter Mongstad
  • 2. ? ?
  • 3. ? ?
Plassering Navn Poeng