VM 1994 : USA

Same konsept både på vår konkurranse og på sjølve sluttspelet... Lurar litt på om ikkje det var Leif Gunnar Sagstad som vann vår konkurranse?

Norge og Egil "Drillo" Olsen, hadde klart å kvalifisere seg til sluttspelet,og sjå berre kva for ein imponerande måte dei gjorde dette på:

 

  • Norge-San Marino 10-0
  • Norge-Nederland 2-1
  • San Marino-Norge 0-2
  • England-Norge 1-1
  • Norge- Tyrkia 3-1
  • Norge-England 2-0
  • Nederland-Norge 0-0
  • Norge-Polen 1-0
  • Polen-Norge 0-3
  • Tyrkia-Norge 2-1(einaste tapet)

 

Norge vann si kvalifiseringsgruppe, med Nederland 1 poeng bak. Norge hadde kvalifisert seg for 2. gang i historien . I 1938 var VM-sluttspelet ein rein cup - Norge tapte etter ekstraomganger mot Italia, som vann heile VM, men Norge fekk annulert ei scoring i slutten av 2. omgang, feilaktig hevda Dagbladet den gongen.

England var ute av VM.

I sluttspelet hamna Norge i "dødens" gruppe-F. Kampane endte slik:

  • Norge-Mexico 1-0 (Rekdal)
  • Italia-Norge 1-0
  • Irland-Norge 0-0

Alle laga i gruppa fekk 4 poeng...3 lag gjekk til mellomspelet og det var ironisk nok Italia som snytte Norge for ein fortent 8. delsfinale.

Italia gjekk heilt til finalen. Dei slo ut Nigeria, deretter Spania og Bulgaria i semifinalen. Brasil, med Romario i spissen kapra den andre finaleplassen etter å ha slått ut hhv. USA, Nederland og til sist eit imponerande Sverige i semifinalen; - som vart eit slags returoppgjer frå gruppespelet der Brasil og Sverige spelte uavgjort.

Sverige hadde på sin veg mot semifinalen i tur og orden tatt skalpen på Russland og Kamerun (gruppespelet), Saudi Arabia og Romania. Sverige vann til slutt bronsen med siger 4-0 over Bulgaria. For ein gong skuld var vi stolte over å ha vår søta bror som nabo!!!

I finalen vann Brasil over Italia etter ein dramatisk straffesparkkonkurranse, der skudda gjekk i hytt og dynevær og Taffarel og Pagliuca redda eit skot kvar. Det var Baggio som til slutt fekk æra av å sende Brasil til himmels med eit aldeles håplaust straffespark. Brasil mottok deretter Vm-trofeet for 4.gang i VM-historien.

Toppscorarane vart Oleg Salenko (Russland) og Hristo Stoitsjkov (Bulgaria) med 6 scoringar kvar. Dei la grunnlaget for dette med fleire store sigrar i gruppespelet.

Førebels resultatliste:

  • 1. Espen Øren
  • 2. ? ?
  • 3. ? ?
Plassering Navn Poeng