EM 1996 : England

Vår lokale konkurranse hadde eit av sine mange høgdepunkt dette året - tenk Fotball-EM i sjølvaste England. Har eit vagt minne om at Erlend, vår webmaster, så smått byrja å røre på seg når det galdt det å bidra med litt datakompetanse. Anders byrja jo å dra på åra, så Kjell hadde gradvis overtatt administreringa av denne konkurransen.

Lillebror Øystein Mongstad, berre 22 år gamal, stakk av med storgevinsten foran nasa på eldre brødre, Kvernbit-oldboyser og andre erfarne og garva stortipparar frå tidlegare konkurransar. Verda kan jammen vera urettvis. Sjølv om vi veit kven som vann, så er vi jo på jakt etter kven som kapra dei andre lodda, så vi friskar litt på minnet frå dette fotball-VM også:

På grunn av oppløysinga av Sovjetunionen, Jugoslavia og Tsjekkoslovakia og at Israel no var tatt opp som medlem av UEFA, vart sluttspelet utvida frå 8 til 16 lag. Liechtenstein deltok for første gong. Men rest-Jugoslavia - Serbia og Montenego - var fortsatt utsetengt pga. krigen på Balkan. Det skulle såleis vera enklare å kvalifisera seg til dette sluttspelet...dei 6 beste toarane i gruppene gjekk direkte vidare, medan dei 2 siste toarane måtte spela playoff-kamp mot dei 2 beste 3-arane etter eit sinnrikt utrekningssysten

Sjølv om Norge gjennomførte ei god kvalifisering, så snubla dei på målstreken og hamna på same poeng som Nederland, men med dårlegare målforskjell. Tsjekkia vann gruppa og gjekk vidare saman med Nederland (som måtte gjennom ein playoff-kamp mot Irland før dei kunne sleppa jubelen laus). Ei trøyst vart det kanskje for mange, at også Sverige måtte halde seg heime...!

Nytt i EM-samanheng var det at kampvinnarane fekk 3 poeng og at ved uavgjort etter ordinær tid, skulle kampar avgjerast etter "Golden goal"-prinsippet. På grunn av at det no var 4 grupper i sluttspelet, vart det også innført kvartfinalespel.

I sluttspelet rauk Italia ut i allereie i gruppespelet etter at Tsjekkia og Russland spelte ein fantastisk uavgjort-kamp (3-3). Dei mest ivrige vil nok hugse England sin 4-1 siger over Nederland, der Sheringham og Shearer scora 2 mål kvar. Og Gascoigne som avgjorde straffesparkkonkurransen til England sin fordel i kvartfinalen, mot Spania.

Nederland rauk ellers ut i kvartfinalen mot Frankrike og Zidane....men først etter ein spanande straffesparkkonkurranse,

Tsjekkia, med Nedved og Poborsky på laget, nådde heilt til finalen etter å ha slått ut Portugal i kvartfinalen og Frankrike i semifinalen (etter straffesparkkonkurranse)

Kven andre enn Tyskland og Klinsmann, vart den andre finalisten. Etter overbevisande gruppespel og ein grei siger over Kroatia i kvartfinalen, var det klart for den moralske finalen...mot England på sjølvaste Wembley.

Shearer scora etter 3 min...og England var i ekstase...i nøyaktig 13 min...etter scoring av Kuntz. Ingen klarte avgjera kampen, korkje etter ordinær tid eller ved eit forløysande golden goal. Kampen enda til slutt i ein historisk minneverdig straffesparkkonkurranse. Shearer og Kuntz gjorde jobben sin...også dei andre...bortsett frå Southgate, stakkar...Völler satte deretter spikaren i kista...

I finalen vann Tyskland 2-1 (sitt 3. EM-trofé) men først etter speleforlenging og golden goal etter 5 min. - forøvrig mål nr. 2 av Olivier Bierhof i finalen.

Sjølv om ikkje England ikkje vart meister, så vart dei heltar og det var vel heller ingen tvil "The football was coming home"... ...og Alan Shearer...jo han vart toppscoraren i dette VM, med sine 5 mål!!!

Så gratulerer Øystein med ein velfortent siger av denne konkurransen!

1. Øystein Mongstad
2. Torbjørn Birkelund
3. Odd Arild Algrøy
Plassering Navn Poeng