VM 1998 : Frankrike

Det er mange minner som kan trekkast fram frå dette VM...skal trekke fram dei viktigaste, men berre for få hjelp til å finne fram til vår lokale helt - kven som var vinnaren av vår uformelle konkurranse.

Dette VM vart utvida frå 24 til 32 lag. Til dette VM kvalifiserte Norge seg med brask og bram, heile tida med Egil "Drillo" Olsen og Nils Johan Semb på lagleiarbenken. Her må vi verkeleg mimre litt...trekke fram minner frå ei svunnen storheitstid

Kvalifiseringa gjekk slik:

  • 02.06.96 Oslo ASERBAJDSJAN 5-0 S. Solbakken 2, O.G. Solskjær 2, F. Strandli
  • 09.10.96 Oslo UNGARN 3-0 K. Rekdal 3
  • 10.11.96 Bern SVEITS 1-0 Ø. Leonhardsen
  • 30.04.97 Oslo FINLAND 1-1 O.G. Solskjær
  • 08.06.97 Budapest UNGARN 1-1 P. Rudi
  • 20.08.97 Helsinki FINLAND 4-0 S. Solbakken, P. Rudi, J. Flo, T.A. Flo
  • 06.09.97 Baku ASERBAJDSJAN 1-0 T.A. Flo
  • 10.09.97 Oslo SVEITS 5-0 J.I. Jakobsen, S. Solbakken, D. Eggen, E. Østenstad, T.A. Flo

Sjølv om ikkje var dei største fotballnasjonane vi kjempa mot, så fekk Norge 20 poeng og dei hadde ikkje landslaget eit einaste tap i kvalifiseringa:

  • NORGE 8 6 2 0 21- 2 20
  • Ungarn 8 3 3 2 10- 8 12
  • Finland 8 3 2 3 11-12 11
  • Sveits 8 3 1 4 11-12 10
  • Aserbajdsjan 8 1 0 7 3-22 3

 

Sluttspelet vart ein rein thrillar for landslaget og heile det norske folk:

  • 10.06.98 Montpellier MAROKKO 2-2 D. Eggen, sjølvmål
  • 16.06.98 Bordeaux SKOTTLAND 1-1 H. Flo
  • 23.06.98 Marseille BRASIL 2-1 T.A. Flo, K. Rekdal

 

ed det iskaldt gjennomførte straffemålet til Rekdal, tronar han på toppen av målstatistikken, med 2 scora mål for Norge i VM-historien. Men det vert vel Flo sin dragning forbi nokre forvirra Brasil-forsvarar og 1-0 målet som vil verta hugsa best.

Tabellen er ikkje mindre enn eit under:

  • Brasil 3 2 0 1 6- 3 6
  • NORGE 3 1 2 0 5- 4 5
  • Marokko 3 1 1 1 5- 5 4
  • Skottland 3 0 1 2 2- 6 1

 

Etter gruppespelet stod altså Norge fortsatt utan tap.

Men som i ein skjebnens ironi, vart Italia motstandaren vår i 8.-delsfinalen. Vi hugsar at Italia slo ut Norge i første VM (1-2 i1938). Og at Italia stjal mellomspelplassen vår i vårt neste VM (á poeng i dødens gruppe etter 0-1 tap 1994)

Og når vi no, etter å ha slått sjølvaste Brasil og kjende oss klare for VM-finalen, igjen skulle møte Italia, så måtte det gå som det gjekk...Norge tapte 0-1...men ikkje for eit betre lag...lnei, aget heitte berre Italia og dei flaut på marginar og ei god medgangsbølgje heilt fram til finalen!!!

Men kva med resten av turneringa?

Gruppespelet gjekk som forventa bortsett frå at Spania og Bulgaria rauk ut på bekostning av Paraguay og Nigeria. I 8.delsfinalen måtte Frankrike verkeleg slite mot nettopp Paraguay, men gjekk vidare etter at Blanc scora eit golden goal etter speleforlenging. Når Norge først rauk ut, kompenserte Danmark til med ein overbevisande 4-1 siger over Nigeria.

Og så var det uheldige England då...nok ein gong møtte dei Argentina og nok ein gong var ikkje marginane på deira side. Men denne gongen kunne dei ikkje skulda på Maradona og Guds hand. Nei, denne gongen var David Batty sin fot..eller hjerne...eller kommunikasjonen dei to kroppsdelane imellom som gjorde det...og vips så vart England sendt ut av ein meisterskap etter ein nervepirrande straffesparkkonkurranse.

I kvartfinalen måtte Danmark bite i det sure eple. 2-3 tap for Brasil - Norge er altså best! Nederland sende Argentina heim igjen og kanskje meir overraskande; - Kroatia sende Tyskland heim!

Vertslandet Frankrike slo Kroatia i semifinalen og Brasil islo Nederland, men først etter straffesparkkonkurranse. Kroatia vann deretter bronsefinalen.

Draumefinalen var eit faktum. Frankrike med Zidane, Henry, Trézéguet og Petit på den eine halvdelen. Brasil med Ronaldo, Rivaldo, Bebeto og Emerson på den andre halvdelen.

Zidane avgjorde kampen nesten aleine, briljerte og scora 2 mål sjølv. Frankrike vann dermed sin første VM-tittel med overbevisande 3-0 over Brasil.

Davor Suker frå Kroatia vart dette VM sin toppscorar, med sine 6 mål.

Eg er sikker på at ein eller annan vil hugse kven det var som stakk av med lodda i denne artige tippekonkurransen. Gje eit pip når du kjem på det. Eg skal leite meg tilbake på dei eldste datamaskinene, for her har eg ein mistanke om at vi for første gong laga konkurransen frå grunnen av på data i Solund.

Plassering Navn Poeng