EM 2000 : Nederland/Belgia

Denne konkurransen laga Erlend frå grunnen av, ved hjelp av si eiga datamaskin som han kjøpte for komfirmasjonspengane sine. Problemet er jo at vi har ikkje vore så flinke til å ta vare på gamle dokument. Men vinnarane av konkurransen skal vi garantert klare å spore opp. Det var vel dette året Lasse vart engasjert som økonomisjef? I alle fall hadde vi ein administrasjonstroika med Erlend, Kjell og Lasse i spissen. Her er minnene frå dette EM:

49 nasjonar deltok i kvalifiseringa. Euro 00. Jugoslavia var no tatt inn i varmen igjen, og Bosnia-Hercegovina og Andorra deltok for første gong. Denne gongen skulle berre det beste toarlaget direkte til sluttspelet. Alle dei andre måtte spele 2 playoff-kampar mot ein annan toar og samanlagtvinnarane ville gå vidare. Norge vart faktisk ein suveren gruppevinnar, denne gongen ved Nils Johan Semb ved roret, men fekk ein litt trøblete start med tap for Latvia (antiklimakset etter Drillo, kanskje?). Den endelege kvalifiseringstabellen vart slik:

  • Norge 10 8 1 1 21-9 25
  • Slovenia 10 5 2 3 12-14 17
  • Hellas 10 4 3 3 13-8 15
  • Latvia 10 3 4 3 13-12 13
  • Albania 10 1 4 5 8-14 7
  • Georgia 10 1 2 7 8-18 5

Ellers var det Portugal som gjekk direkte vidare av toarane i kvalifiseringsspelet. Slovenia gjekk vidare også; - laget som i sluttspelet gav Norge eit vesentleg banesår. Artig var det at heile Skandinavia kvalifiserte seg til same sluttspel.

I sluttspelet kunne Norge lett ha gått vidare...berre ein siger over Slovenia skulle til. I staden spelte vi ein møkkakamp...endte 0-0...Slovenia drog ut kampen til det kjedsommelege og sidan Spania scora på overtid mot Jugoslavia (4-3), så vart Norge utslått!!! Og vi som galant slo Spania i opningskampen!!! Snipp, snapp, snute, så var EM-eventyret ute. Og sidan har vi ikkje vore i nærleiken av noko EM-sluttspel.

Trøysta for vera at korkje Sverige eller Danmark gjekk vidare frå gruppespelet heller. Danmark fekk ikkje eit einaste mål. Steffen Iversen scora Norge sitt og han tronar difor på toppen av medaljestaitstikken for norske mål i EM-sluttspel. Vertsnasjonen Belgia rauk også ut i gruppespelet.

Men det utrulegaste av alt var nok at både England og Tyskland måtte reise heim etter sine 3 innleiande kampar. Det vart nemleg Porugal og Romania som gjekk vidare frå deira gruppe. Men engelskmennene var sannsynlegvis godt nøgde; - dei hadde trass i alt slått erkerivalen Tyskland (1-0) i ein sluttspelkamp. Dette hadde ikkje skjedd sidan VM i 1966. Dei attståande favorittane innfridde i kvartfinalen og dei to semifinalane vart minnerike på kvar sine måtar. Som i ein slags reprise frå EM i 1984, så slo Frankrike Portugal 2-1 . Vinnarmålet kom etter speleforlenging og golden goal . Zidane fekk straffespark og Portugal sine spelarar gjekk til angrep på dommaren. Det fulgte lange suspensjonar i kjølvatnet av dette.

Italia vann den andre med 10 mann på bana i nesten 2 heile omganger, men først etter straffesparkkonkurranse der Nederland bomma på 3 av sine 4 skot... Dei fleste hugsa vel også at Nederland fekk tildelt 2 straffespark under sjølve kampen....og bomma på begge to.

Frankrike var naturleg nok favvoritt til å vinna finalen og innfridde til slutt, men sigeren satt langt inne. Den franske utlikninga kom 3 minutt på overtid og vinnarmålet kom av David Trézéguet etter golden goal på slutten av 1. ekstraomgang.

Toppscoraren i dette EM, vart Savo Milosévic og Patrick Kluivert, begge med 5 mål kvar.

Kampoversikt

Neste kamp

Kamphistorikk

  • 27.11 Aalesund FK - Brann3-1
  • 20.11 Brann - Lillestrøm2-0
  • 30.10 Rosenborg - Brann3-6

1. Svenn Erik Vagstad
Plassering Navn Poeng