EM 2004 : Portugal

Alle UEFA sine 51 medlemsland deltok i Euro 04 kvalifiseringa. Det vil seie 10 grupper med 5 lag i kvar. Vertslandet Hellas var jo automatisk kvalifisert. Alle gruppetoarane måtte spela playoff og samanlagtvinnarane gjekk til sluttspelet.

Norge vart nr. 2 i ei svært jamn gruppe, berre 1 poeng Danmark. Men trakk diverre Spania som motstandar i playoff-runden. Der tapte Norge 1-2 og 0-3 og dermed måtte dei halde seg heime. Frankrike overbeviste stort i kvalifiseringa.

Sluttspelet vart gjennomført som i forrige EM. Golden goal-ordninga vart skifta ut Silver goal (omgangen skulle spelast ut).

I dette EM, rauk mange favorittar ut i gruppespelet som t.d. Tyskland, Italia og Spania. Sverige , Danmark og vertsnasjonen Hellas gjekk vidare til kvartfinalen. Hellas hadde før EM aldri vunne nokon EM- eller VM-kamp.

Dernest gjekk England på ein smell mot Portugal i kvartfinalen og då etter straffesparkkonkurransen der David Beckham starta med å brenna sin straffe. Rui Costa gjorde snart det same og det måtte 7 straffer til før Darius Vassell brente det neste for England og sendte Portugal vidare i turneringa. Det hjalp altså lite at stjerneskotet Wayne Rooney dukka opp på stjernehimmelen i nettopp dette EM.

Sverige måtte også reise heim etter kvartfinalen mot Nederland. Kampen vart avgjort med straffesparkkonkurranse, der m.a. Zlatan Ibrahimovic brente sitt straffespark.

Storfavoritten Frankrike gjekk også på ein smell i kvartfinalen med eit direkte 0-1 tap mot vertsnasjonen Hellas. Danmark tapte for eit velspelande Tsjekkia, der Nedved storspelte.

I den eine semifinalen vant Hellas 1-0 over Tsjekkia. Saknet av ein skada Nedved var merkbart. I den andre vant Portugal 2-1 over Nederland og Cristiano Ronaldo scora det eine målet for Portugal.

Det vart eit revansjeoppgjer i finalen. Hellas hadde slått Portugal 2-1 i gruppespelet. I finalen gjentok dei bedriften i ein forsvars- og kontringskamp. Dei vann til slutt 1-0. Trenaren Otto Rehhagel vart etter dette nasjonalhelt i Hellas.

Tsjekkia overbeviste i dette VM med godt spel og det vart nettopp ein tsjekkar som også vart toppscorar; - Milan Baros scora 5 mål.