VM 2006 : Tyskland

Det var etter det eg kan hugsa deltakarrekord for vår uhøgtidelege konkurranse under dette VM. Og konkurransen vår var umåteleg spanande denne gongen. Ingenting vart avgjort før siste straffespark vart skutt i finalen

Vi opprettheld tradisjonen og kjem med eit ressymé av også dette VM, slik at minnene kan verta vekt til liv igjen hjå dei som mista lodda sine då siste straffespark var utført

Til denne meisterskapen vart det lansert heilt nye baller. Ballen har no glattare overflate og færre sømmar. Dette skulle auka ballkontrollen, men fleire keepere meinte den skrudde meir enn vanlege ballar. Ellers er alt som ved det gamle. 8 grupper, mellomspel og finale.

Alle favorittar innfridde, ser ein bort frå Kroatia og Tsjekkia. Ghana gjekk vidare på bekostning av Tsjekkia og Australia tok Krotia "sin plass".

I 8.delsfinalen vann Frankrike nabooppgjeret mot Spania og Portugal slo ut Nederland.

For n'te gong hamna England i straffesparkkonkurranse. Denne gongen i kvartfinalen og denne gongen vart det ikkje berre 1 syndebukk....neida her brente både Lampard, Gerrard og Carrager kvart sitt i tur og orden og vips så var det slutt på dette VM-eventyret også. Det var Portugal som vart deira bane...dei trong som sagt knapt å løsna eit skot for å nå semifinalen.

Synd at Frankrike og Brasil skulle møtast allereie i kvartfinalen. Frankrike vann 1-0 og det var Henry som senka Brasil-skuta i dette VM...

Italia fekk det lett på sin veg mot semifinalen. Først sendte dei USA heim og dernest Ukraina. I semifinalen møtte dei større motstand, men senka dei vertsnasjonen Tyskland med 2-0.

Frankrike fekk æra av å møta Italia i finalen etter å ha slått ut Portugal 1-0. Tyskland kapra deretter bronsemedaljen på heimebane.

Finalen vart ein hard batalje. Etter ordinær tid stod det 1-1, men det vart Italia som til slutt vann etter straffesparkkonkurranse. Sjølv om straffesparkkonkurransen vart dramatisk nok, så er det Zinedane Zidanes sin fornedrande sorti frå fotballbana som vil verta hugsa, då han i 2. ekstraomgang tilsynelatande umotivert skalla ned Marco Materazzi. Uavhengig av kva Materazzi slengte ut av seg i forkant, så hadde vi unna verdas beste fotballspelar å gå av bana med eit heva hovud i sin avskjedskamp.

Og topscoraren frå dette VM heitte Miroslav Klose. Tyskaren scora 5 mål på heimebane i dette VM.

Plassering Navn Poeng
1. Rune Askeland 341
2. Roger Førde 315
3. Øystein Øren 298
4. Ingrid Mongstad 292
5. Hesj 291
6. Eirik GM 283
6. Steffen André Kråkenes 283
8. Jostein Straume 279
9. Lasse Sørensen 269
10. Tiger 262
11. Tor Arne Hauge 259
12. John-Erik Vorland 256
13. Steinar Erstad 250
13. Lars Petter Mongstad 250
15. Henrik Ravnøy 249
17. Unni Ravnøy 241
18. Jarle Bastesen 239
19. Knappen Fighters 235
20. Jan Larsen 231
21. Svenn-Erik Vagstad 230
23. Torbjørn Birkelund 227
23. Morten Straume 227
25. Egil Røed 226
25. Odd-Arild Algrøy 226
27. eeerlend 225
29. Asgeir Viken Holsen 221
29. Daniel Røed 221
29. MarMessi 221
29. Runar Aksnes 221
34. Åse Johanne Roti Dahl 218
34. Robert Gravdal 218
37. Erik Gåsvær 216
39. Karianne Aarøy Særvoll 214
41. Bjarte A.karlsen 212
41. Morten Birkelund 212
43. Tor Larsen 211
45. Arve Aksnes 210
45. Arild Hammersland 210
47. Hecha 209
49. Tor-Eivind Karlsen 206
49. Sigurd Morken 206
51. Mads Århus Fjeldstad 205
51. Sigve Lerpold 205
51. Erlend Fjell Lie 205
54. Even Mikkelsen 201
56. Miriam Jakobsen 195
58. Ottar Sakseid 190
60. Ole Henrik Kråkenes 189
62. Terje Næsdahl Olsen 188
64. Øyvind Vassli 187
65. Helge D 184
66. bjørn 183
66. Brun 183
68. Atle Mongstad 181
69. Jostein Ryland 180
70. GULLarse 179
71. Arne Aven 178
72. Grethe Mongstad 177
73. Anders Kråkenes 175
74. glessiwessi 174
75. Kirsten Ryland 172
76. Olav Gravdal 168
77. Andy 165
78. Torstein Mongstad 160
79. kjellemann 150
80. MongstadBeast 143