EM 1984 : Frankrike

Kan vi ha starta med fotball-tippinga allereie i 1984...? Er usikker eg, men her er ein del facts som kan vera med å friske på minnet for dei som eventuelt var med...

Turneringa dette året vart kalla Euro 84.

Etter at sju kvalifiseringsgrupper hadde vore i sving, gjekk gruppevinnarane og vertsnasjonen til sluttspelet i Frankrike.

I sluttspelet vart åtte lag vart plassert i to grupper og dei to beste frå kvar gruppe gjekk til semifinalane.

Norge var ikkje med i sluttspelet. Låg lenge bra an, men enda til slutt sist i kvalifiseringsgruppa si. Kanskje det var fordi Tom Lund la opp midt i kvalifiseringa? Vi var i godt selskap: - for dette året kom heller ikkje Italia og Nederland seg vidare!

Frå sjølve sluttspelet hugsar vi nok særleg Danmark, med Preben Elkjær og Michael Laudrup i spissen for den danske dynamitt...og alle hugsar vel laget sin 12. mann...alltid like "røde og hvide" og eksemplarisk glade...

Danmark rauk diverre ut i semifinalen mot Spania og då etter ein lidderleg straffesparkkonkurranse. Laudrup og dei andre danske straffeparkdrenge scorte oppskriftsmessig, men for Elkjær vart nok presset litt for stort og helten vart i ein kort augneblink Danmarks syndebukk - men den augneblinken vart fort rista bort og overgått av glede igjen...over den fantastiske innsatsen som dene "oksen" hadde iagt ned i turneringa.

Frankrike og Michel Platini vant heile VM med ein 2-0 siger mot Spania (kjedeleg kamp)...etter først å ha slått ut Portugal i semifinalen (ein klassikar).

Michel Platini vil verta hugsa som den store helten i dette VM. Han vart toppscorar med sine 9 mål. 3 av desse kom i same kamp (mot Jugoslavia i gruppespelet).

Mange vil også kanskje hugse at for første gong i eit EM, måtte Vest-Tyskland reise heim igjen etter gruppespelet. Til sorg for nokon, men kanskje til glede for langt fleire...

Så er det no nokon som hugsar om konkurransen vår vart gjennomført dette året?

Plassering Navn Poeng